Velkomen til heimesida vår!

Vinje handverkslag er eit lag for dei som er interesserte i kunst og handverk, både nyskaping og tradisjon. I 1968 blei Vinje handverk og industrilag stifta for å betre vilkåra og auke lønsemnda for dei mange handverkarane i bygda. Slik samfunnet har utvikla seg, er det færre som har handverk som leveveg no.

Målsetjinga for laget er difor meir fokusert på å
- vera eit miljø for kreativitet og skapande verksemd
- fremje interesse for handverk og kunst
- ta vare på gamle handverkstradisjonar
- stø opp om lokale kunstnarar og produsentar
- auke kunnskapen om kunst og handverk gjennom utstillingar og kurs

Hausten 2006 kjøpte laget Haugsæl i Bøgrend, eit hus som no er basen for aktivitetane våre. Vinje handverkslag er arrangør av Vinjeutstillinga på Vinjar. Laget eig og driv stampa på Mjonøy.

Kva skjer: Ope på Haugsæl laurdag 21. jan, kl 11 – 14. Kaffe og vaflar :)

Det er stengt for kommentarer.