Brodere bunad med Åse Bratland

Brodere bunad

Har du lenge hatt lyst til å brodere eigen bunad? Har du konfirmant om nokre år? Har du barnebarn som snart treng bunad? No har du høve til å realisere draumen då det vert kurs i å brodere bunad denne hausten/vinteren på Haugsæl. Lærar er Åse Bratland. Samlingar laurdag og sundag, to gonger før jol og fire gonger etter jol. Fyrste samling vert 6.-7. oktober 2012. Kursavgift kr 3000.- inkl eit lett måltid pr.dag. Kursdeltakar må sjølv ha ferdig påteikna bunad og brodèrgarn. For meir informasjon og påmelding ring Åse, tlf. 909 35 427 innan 24. sept 2012 ( Biletet er frå foredraget Åse heldt om kvinnebunaden i Vinje før og no)

Det er stengt for kommentarer.

Tilbake