Temakveld om bygging av pråm

Å bygge ein pråm.

Båtbygging er tema onsdag 23. april når Vinje handverkslag inviterer interesserte til Haugsæl. Båtbyggar Ole Johannes Romtveit viser film om båtbygging. Vidare fortel han om byggeprosessen, materialutvelging og viser typiske verktøy for båtbygging. Denne kvelden er det fordjupning i kva som skal til for sjøl å bygge en pråm. Kor lang tid tek det? Kor får vi tak i materialar? Materialkvalitet og type tre (gran, furu, osp, eik, ask). Viss interessa er stor for dette, kan det bli aktuelt å sette i gang eit kurs i pråmbygging i nær framtid …         Onsdag 23. april kl 19.00. Inngang og kaffe kr 100,- Velkomen!

 

Det er stengt for kommentarer.

Tilbake