Aktivitetar

Fram til no har det meste av innsatsen i laget gått med til vedlikehald og oppussing på Haugsæl. Det er endå att å gjera kjellar og loft heilt ferdig,

men huset kan brukast til mangt med to  etasjar som er pussa opp. Det nye uthuset fekk tak hausten 2010.

Vi prøvar å ha laurdagsope frå kl 11 til 14. 

Handverksutsal og kaffe.

Handverkskurs for born 10-13 år i mars og i oktober kvart år er ei vidareføring av “Årets kunstnar”.  Vinje handverkslag var Årets kunstnar i Vinje kommune i 2008.

Ei gruppe driv og syr lappeteknikk annankvar tysdag og arbeidskvelden siste onsdagskveld kvar månad er og populær, eigenaktivitet, men sit i hop.

Temakveldane ein gong i månaden samlar

mange interesserte folk. Sjå under temakveldar, der kan du lesa meir detajert om emnet.

Det er stengt for kommentarer.