Åse Bratland og Ingrid Svalastog Kollberg
kjem til Haugsæl onsdag 9. mars kl.19.00.
Stell og vedlikehald av bunadar og av sylv
Inngang og kaffe kr 100. Velkomen !
Temadag om og med bunadar.
Det har vore kurs på Haugsæl i to vintrar, fyrst å brodere bunad, så å montere. Åse Bratland har vore kursleiar og lærar. No kan publikum få sjå ferdige resultat. Laurdag 3. mai kl 11 – 15 er det utstilling av dei ferdige bunadane på Haugsæl.
——————————————————————————-
Å bygge ein pråm.
Båtbygging er tema onsdag 23. april når Vinje handverkslag inviterer interesserte til Haugsæl. Båtbyggar Ole Johannes Romtveit viser film om båtbygging. Vidare fortel han om byggeprosessen, materialutvelging og viser typiske verktøy for båtbygging. Denne kvelden er det fordjuping i kva som skal til for sjøl å bygge ein pråm. Kor lang tid tek det? Kor får vi tak i materialar? Materialkvalitet og type tre (gran, furu, osp, eik, ask). Viss interessa er stor for dette, kan det bli aktuelt å sette i gang eit kurs i pråmbygging i nær framtid . . . Haugsæl, onsdag 23. april kl 19. Inngang og kaffe kr 100,- Velkomen!
Tove Sand kjem til Haugsæl onsdag 19. mars kl 19.
Ho lagar vesker av slangane på traktorhjul. Ho driv og med strikking og kombinerer desse to materiala. Ho vil fortelje om arbeidet sitt og ho har med seg vesker for salg. Sjå heimesida hennes: http://www.strikkogsaann.net/ Inngang og kaffe kr 100,-. Velkomen