Mjonøy
Alv Negarden hadde gjennom mange år samla gamle tømmerhus på Mjonøy for å få til ein campingplass. Den blei opna i 1960.
Bjørn Kyvik kjøpte staden i 1976 og sette då opp bustadhus og fleire hytter. Då Mjonøy kom på sal i 1986, meinte folk i handverkslaget at plassen kunne gje rom for ein salgssentral for handverk, verkstader for handverkarar og utstillingslokale. Mjonøy kunne dessutan bli eit kulturelt reislivsmål. Gjennom gunstige lån frå kommunen og oppretting av eit drivarselskap, der folk i bygda kjøpte lutar for 100.000 kr, tok handverkslaget over staden i 1987.
Drivarselskapet P/L Telemark Handverkssentral, var eit produsentsamvirke og dagleg leiar blei tilsett. Handverkssentralen fekk etter kvart meir enn
70 leverandørar. Dei kom frå heile fylket og arbeidde i ulike teknikkar og materialar.
Telemarksgenseren og Telemarksantrekket blei ein stor suksess. Antrekket blei m.a. bruka då telemarkskøyring blei presentert i Calgary.
På grunn av stor aktivitet fekk handverkssentralen plassmangel på Mjonøy og flytte til større hus i Åmot i 1992.
Sjølv om det var ein dagleg leiar, var aktiviteten på Mjonøy så stor at handverkslaget etter kvart fekk ansvaret for organisering av matservering, hytteutleige, handverksutsal og utstilling. I tillegg tok handverkslaget seg av kulturarrangement i helgene, temadagar og kurs. Dei fyrste somrane var det også demonstrasjon av handverk i nokre av hyttene.
Mykje av dette arbeidet blei utført på dugnad.
Utvikling av staden.
Dei fyrste åra etter at handverkslaget overtok Mjonøy, blei det sett opp fleire ”nye” bygg: Eldhuset til matservering, Kringlegardslåa med steinomn til bakeri, utviding av hovudhuset til større utstillingslokale, overbygd sitjeplass på ”Gamlestoga” og utbetring av garasjen til heilårsverkstad.
På 90-talet engasjerte kommunen seg på fleire vis i utviklinga av Mjonøy:
- RIVI; Reiseliv i Vinje, eit treårig kommunalt prosjekt, (91-93) ytte m.a. midlar til bruover Klevastøylåi, kjerreveg til Smørklepp, gangsti opp til Vinje Biletgalleri ogplatting av stein til scene/dansegolv. Handverkslaget tok store delar avorganiseringa og det praktiske arbeidet på dugnad.
- Næringsplan for Vinje (95) peika ut grendene Vinje, ved kyrkja, og Smørklepp somsatsingsområde i kommunen. Mjonøy fekk midlar til nødvendig opprustning, i tilleggtil at handverkslaget tok opp nytt lån.
- ”Vinje kulturområde”, eit fylkeskommunalt og kommunalt prosjekt som fokuserte pådei kulturminna som var i området. Tanken var å samordne tiltak som kunne gjelokale arbeidsplassar, ta vare på tradisjonar og auke kunnskap om kulturminna iområdet.
- Rapport om Mjonøy; bakgrunn, utvikling og framlegg til ny eigarstruktur (1997)blei utarbeidd med stønad frå BU.I rapporten blei det skissera utbyggingsplanar i fire trinn.Fyrste byggetrinn blei gjennomført. Dette resulterte i ei utviding av utstillingslokalet,
HC-toilett, nytt kjøkken og utbetring av det elektriske anlegget
Drifta av Mjonøy blei svært krevjande for handverkslaget etter at Telemark handverksentral flutte. Laget fekk då både det praktiske og det økonomiske ansvaret for staden. Framlegget i rapporten om ny eigarstruktur la opp til at kommunen og handverkslaget skulle opprette ”Stiftinga Mjonøy”. Styret skulle ha tre representantar for kommunen og to frå handverkslaget. Stiftinga skulle eige, drive, forvalte og utvikle staden. Handverkslaget skulle då leige lokaler til utstilling, handverksutsal og verkstader.
Stiftinga blei formelt etablert i jan(?) 1998, men alt før jol i 1996 blei det tilsett drivar, som skulle ta seg av matservering og hytteutleige. Sommaren 97 var det byggjearbeid på utstillingslokalet og steinomnen måtte restaurerast så drivaren kunne ikkje nytte staden fullt ut.
Etter at stiftinga blei oppretta med delt ansvar på eigarsida, blei resultatet ei meir uklar styring av staden. Drivaren sa opp hausten – 99, og ny drivar kom inn. I 2003 etablerte drivarane ”Mjonøy AS” og signaliserte at dei ynskte å kjøpe staden. Etter lange forhandlingar blei salget gjennomført i 2005.
I desse to åra kom det mellom anna fram at stiftinga aldri hadde blitt registrert, slik at handverkslaget framleis var den formelle eigaren av Mjonøy. Om laget hadde lån og gjeld var andre spørsmål som måtte klargjerast. Taksering av Mjonøy blei gjennomført og resultatet ga ein teknisk takst på 4 mill kr og 1.3 mill kr i markedsverdi.
Salgsprosessen blei ekstra vanskeleg fordi medlemmer i handverkslaget hadde ulike oppfatningar om salg, pris og gjennomføringa av prosessen. Saka var oppe i formannsskap og kommunestyre og enda med at Mjonøy blei selt for 850.000 kr i desember 2005.
Vadmålsstampa kom opp i 1997 gjennom eit samarbeidprosjekt mellom grunneigarar, husflidskonsulent og eit fylkeskommunalt vassprosjekt. Stampa er spesielt nyttig for studantane på Folkekunstlina på Akdemiet på Rauland. Prosjektet blei avslutta i 2000 og eigedomsretten overført til handverkslaget.
I 1997 overførte Asbjørn Jamsgard ansvaret for Jamsgardbue og for lokalsamlinga han hadde bygd opp til Stiftinga. Det blei arbeidd med flytting av huset til Mjonøy, men det lukkast ikkje å finansiere prosjektet. I 2007, etter at Handverkslaget hadde fått eineansvar for gåva, blei huset og samlinga seld til ei gruppe i bygda for ein symbolsk sum. Dermed blir huset verande i bygda og har fått eigarar med kompetanse på vedlikehald av gamle hus.
Mjonøy blei vald til kommunen sin Tusenårsstad.
Mjonøy har gjennom desse åra utvikla seg til eit unikt reiselivsmål og innsatsen til både drivarar og Handverkslaget har vore viktige for resultatet.