

Stampa på Mjonøy. Dammen med luke og renne. Renna er ca 30 m lang og 80 cm brei, med eit fall på ca 1 m. Vasshjulet har ein diameter på 140 cm.
Kjelring med vasskjele. Under heile stampinga må ein ha rikeleg tilgang på varmt vatn, 40 gr.

Biletet skal vise korleis vadmålet blir lagt ned i stampetrauget. Trauget er ca 70 cm breitt. Vadmålsstuven kan vera breiare enn trauget, men blir då pressa saman på midten.



Varmt vatn frå kjelen før ein set i gang stampa. Tømer det varme vatnet ned i trauget så vadmålet blir godt fukta.
Stampinga er i gang. Både stempla og trauget har ei form som gjer at vadmålet ”vandrar” rundt. Enkelte gonger kan vadmå let ”tyte” ut. Difor denne stokken slik at ein kan stappe vadmålet tilbake under stempla.

Etter ein halv time, kanskje berre etter 20 min, må ein stoppe stempla for å sjå om vadmålet har filta seg ihop. Då blir stuven strekt og kontrollera.
Etter denne kontrollen kan vadmålet stampast til det er ferdig. Det kan ta frå ein til fleire timar. Alt etter kor tett vadmålet skal vera og etter kva det skal brukast til.