Historie

Vinje handverk og industrilag

Vinje handverk og industrilag blei stifta i 1968. Oppstarten var eit treårig samarbeidsprosjekt mellom kommunen, småbedrifter og handverkarar

for å auke lønsemda for medlemmene.

Berre handverkarane heldt fram etter desse tre åra. Les meir

Vinje handverkslag på Mjonøy

I 1987 starta ei ny epoke for Vinje handverkslag.

Det blei kjent at Mjonøy var på sal; ein idyllisk stad ved Klevastøylåi med ei unik samling gamle tømmerhus. Folk i handverkslaget meinte det var viktig å ta vare på plassen av kulturhistoriske årsaker, og at staden også kunne bli eit senter for kunst og handverk. Les meir

Vinje handverkslag på Haugsæl

I 2005 blei Mjonøy selt og i 2006 fekk Vinje Handverkslag kjøpe Haugsæl i Bøgrend. Eit eventyrhus! Femten, seksten rom og full kjellar, to peisar og stort kjøkken.

Det er eit tømra hus i tre etasjar, bygd som pensjonat før krigen.

Her kan kreativitet og skapartrong bløme.  Fleire rom er utleigd til verkstader.

På Haugsæl er det plass til å ha utstillingar, temakveldar og kurs både ute og inne. Ein kan og leige huset til konfirmasjonar, bursdagar o.l.

I stoga er også eit gamalt, svart piano med lysestakar og det heng ein gitar på veggen.

Ta kontakt om du vil innom ein dag.

Det er stengt for kommentarer.