Vinjeutstillinga 2013

 

Utstillingsstad:

Vinjar, 13 km vest for Åmot (retning Haukeli).

Sommarutstilling med måleri, grafikk, foto, kunsthandverk og  skulptur.

 

MÅL OG MEINING er tema for Vinjeutstillinga 2013.

Vi markerar Språkåret 2013 og Stemmerettsjubileet 2013.

I alt deltek 34 kunstnarar på utstillinga, og fleire av dei har lete seg inspirere av temaet, som t.d. Anne Valen Næss med «Fire vise kvinner».

Nina Nesje har eit artig relieff som speglar kvinnefrigjeringa, og fotoutstillinga «Mormormonologene» av Karoline Hjorth med sitat på kvart bilete er både morosam og tankevekkjande. Dei gamle damene kan få sagt det. Desse finn ein i romet som markerar hundre år med stemmerett for kvinner.

Tom Gundersen har tre store portrett av dei nynorske forfattarane Tarjei Vesaas, Einar Økland og Jon Fosse.

Elles finn vi Kjell Bendiksen, Randi Schmidt Grude, Anne Gundersen, Trine Lindheim, Per Rosenberg, Gunn Vottestad, Anne Kristine Thorsby for å nemne nokre. Dessutan har Brynhild Winther to spennande teikningar og Ingrid C. Ulla har fargerike glas. Skulpturar av Silje Villhodd og keramikk av Geir Jensen, Kristin Eidem og Gerd Danbolt Svalastog. Hallbjørg Strøm og Åse Bratland har levera flotte tekstiler, Harald Naper og Ingrid Allum Kollberg fint sølvarbeid. Nydeleg porselen av Anne Helen Brynhildsrud, og perfekte kalligrafiarbeid av Borghild Telnes.

I romet med språkleg mangfald er òg ei utstilling lånt frå Aasentunet. Her er òg oversikt over reisene til Aasen her i bygdene, små tekstar og bilete av kven han var i hop med her og du finn hylling av nynorsk-salmene til Elias Blix. Den fine språkavisa som Vinje oppvekstsenter hadde som vårprosjekt dette året, er også her.

I alt ei fargerik og frodig utstilling, med mange forskjellige uttrykk.

Opningsprogrammet var sundag 30. juni med kåseri av Randi Kroken. Gruppa til Robertas Lamsodis sto for den musikalske delen av programmet. Den offisielle opninga var ved Olav Vesaas. Alle aktørane levera så flott! Utstillingsnemnda håpar mange finn vegen til Vinjeutstillinga 2013 på Vinjar.

Utstillinga blir arrangert av nemnda for Vinjeutstillinga.

Opningstider:

Utstillinga opnar sundag 30. juni og varer til og med sundag 4. august.

Alle dagar : 11 – 18

Inngang
Bill : kr 40
Born under 15 år gratis

Det er stengt for kommentarer.