For nokre år sidan var Åse Bratland hovudfagstudent på Høgskulen i Telemark, på Rauland; temaet hennes var kvinnebunaden i Vinje, og oppgåva hennes blei heitande: TEKSTIL KULTURARV I RYGGEN – FOR FRAMTIDA. Oppgåva handlar om delar av kvinnedrakttradisjonen i Vinje gjennom ein periode på omlag 200 år. Om det vi får høyre og sjå på Haugsæl i morgon kveld, seier Åse sjølv: Ei reise i kvinnedrakt/ bunad historie frå slutten av 1700 til i dag. Kva har skjedd desse åra, kva er som før og kva har forandra seg. Eg har registrert i overkant av 100 bunadliv i private samlingar i Vinje, supplert med det som fanst av historisk draktmateriale frå Vinje og Vest-Telemark i lokale, regionale og nasjonale museumssamlingar. Bilete av desse bunadliva får du sjå og det er eit frodigt og stort mangfald. Ho seier og: Har du ein gamal bunad eller eit liv, tak det med så kan du få hjep til å tidfeste det. Ljosbilete, foredrag og kaffe. Velkomen!

