Vinjeutstillinga 2015

Vinjeutstillinga 2015

«UT» er tema for Vinjeutstillinga i sommar, med markering av Friluftslivets år 2015.
Kunstnarane fekk også strofa «Jeg vil male dagen grønn» av Ebba Munck, og mange har lete seg inspirere av desse orda, det er mykje natur på utstillinga i år. Jamvel smykka til Linn Sigrid Bratland er grøne! Peter Marron har grøne sauer, Gunda Aarhus grøne teppe.
Biletkunstnarar med måleri og grafikk: Odd Skullerud, Jan Baker, Arild Andresen, Kikki Hovland, Gro Mukta Holter, Kari Hunsager, Stig Andresen, Inger Saltaag, Anne Langsholt Apaydinli, Tina Tobiassen, Reidar Kolbrek, Anne Kathrine Stangeland, Ståle Blæsterdalen og Sveinung Iversen. Borghild Telnes har nydelege kalligrafiarbeid på vegg, Harald Naper og Dag Jensen har foto. Bjønn Fauske Lysdahl har akvarell, Aasm Vesaas teikning, desse to finn du i «Friluftsavdelinga». Der har også Vinje Turlag foto frå aktivitet i naturen. Glaskunstnar er Anne Kathrine Munkejord; Kristin Eidem og Elisabeth Helvin leverer keramikk. Anne Berit Nedland har skulptur, medan Hallbjørg Strøm, Åse Bratland og Linda Iren Grytten har arbeid i tekstil. I tillegg til Bratland, er det smykker både frå Ingrid Svalastog Kollberg og frå Harald Naper.
Gerd Danbolt Svalastog har skjør porselen, Bibbi Tveito solide englar og skåp.
Silje Villhodd har spurt damer om x-ane deires, det har blitt til ei artig separatutstilling: X-er.
«Frå Haukelifjell» foto av Harald Naper prydar plakata, designa av Kari Nestestog.
Sundag 28. juni var det opningsprogram på Vinjar med interessant kåseri av Borgny Tøfte. Det musikalske innslaget var med Frøydis Grorud, Anne Gravir Klykken og Trude Kristin Klæboe, flott musikk! Tonje Orum sa litt om Vinje turlag og Silje Villhodd sa litt om utstillinga si. Den offisielle opninga var ved Olav Høgetveit. Bjørn Bø leia programmet.

Fargerik og fin utstilling! Verdt å besøkje, velkomen innom!

Det er stengt for kommentarer.