Vedtekter

Vedtekter for Vinje handverkslag

§ 1 Formål
Vinje handverkslag arbeider for å

– skape eit miljø for kreativitet og skapande verksemd

– fremje interesse for handverk og kunst

– ta vare på gamle handverkstradisjonar

– stø opp om lokale kunstnarar og produsentar

– auke kunnskap om kunst og handverk gjennom utstillingar og kurs

§ 2 Medlemskap
Alle som vil støtte og arbeide for formålet til laget, kan bli medlem ved å betale årskontingenten. Kontingenten blir fastsett på kvart årsmøte og gjeld for kalenderåret. For å ha stemmerett på årsmøtet, må kontingenten vera betalt innan 31.12 i det aktuelle året. Manglande innbetaling etter purring blir rekna som utmelding.

§ 3 Styret
Laget skal ha eit styre på 5 medlemmer og 2 varamedlemmer. Det er ynskjeleg at minst 2 av styremedlemmene er handverkarar eller kunstnarar. Styret er vedtaksføre når 3 styremedlemmer er til stades. Det skal førast protokoll frå styremøta.

§ 4 Arbeidsutval
For å avlaste styret med praktisk gjennomføring av arbeidsoppgåver, kan styret oppnemne arbeidsutval for dei viktigaste aktivitetane. Styret avgjer talet på utval og talet på medlemmer i utvala. Arbeidsoppgåvene må samordnast med styret. Utvala må ikkje gjera avtaler, organisatorisk eller økonomisk, som bind opp styret.

§ 5 Vadmålsstampa
Vinje handverkslag eig og driv stampa på Mjonøy. Styret oppnemner ein kontaktperson som tek seg av vedlikehald og drift i tillegg til utleige av stampa. Timeprisen for å leige stampa blir fastsett av styret.

§ 6 Årsmøte
Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Møtet blir kunngjort i lokalavisa og ved brev til medlemmene minst 3 veker i forvegen. Styret må få saker til årsmøtet minst 2 veker før møtet.
Årsmøtet skal:

a. Velje ordstyrar

b. Velje referent

c. Godkjenne innkalling og sakliste

d. Velje 2 medlemmer til å underskrive protokollen.

e. Godkjenne årsmelding og rekneskap for driftsåret.

f. Leggje fram budsjett for komande år.

g. Fastsetje medlemskontingent.

h. Velje nye styremedlemmer

– Leiar for 1 år eller 1 styremedlem for 1 år

– 2 styremedlemmer for 2 år. Alle styremedlemmer kan ta attval.

– 2 varamedlemmer for 1 år

i. Velje revisor og varamann for 2 år

j. Velje nytt medlem til valnemnd for 2 år. 1 medlem skiftast ut kvart år. (Årsmøtet utpeikar kandidat)

k. Handsame innkomne saker eller saker styret ynskjer å ta opp.

Alle val blir avgjort med vanleg fleirtal. Det blir halde skriftleg val dersom 1 medlem krev det. Medlemmer kan berre stemme ved personleg frammøte. Medlemmer må ha betalt kontingent for siste kalenderår for å ha stemmerett.

§ 7 Omframt årsmøte
Det kan kallast inn til omframt årsmøte etter vedtak gjort ved vanleg fleirtal i styret eller når minst 1/5 av medlemmene krev det.

§ 8 Vedtektsendringar
Årsmøtet kan vedta endringar i vedtektene. Framlegg til vedtektsendringar skal gjerast kjent for medlemmene minst 2 veker før årsmøtet. Endringane blir vedteke dersom 2/3 av dei frammøtte stemmer for endringa.

§ 9 Oppløysing av laget
Vedtak om nedleggjing av Vinje handverkslag blir å handsame som vedtektsendring, men må, for å vera gyldig, vedtakast på to etterfølgjande årsmøte, evt omframt årsmøte. Siste årsmøtet vedtek ved vanleg fleirtal kva som skal gjerast med laget sine midlar og eigedom.

Godkjent av årsmøtet i Vinje handverkslag 12.02.2020

Det er stengt for kommentarer.