Vinjeutstillinga 1960 – 1987

Vinjeutstillinga , ein stutt historikk.

Vinjeutstillinga kan i stor grad takke målaren Henrik Sørensen (1882 – 1962) for at den kom i gang, som den fyrste av sommarutstillingar i Telemark. Henrik Sørensen hadde frå slutten av 1920-talet halde til i Smørkleppgrenda og måla nokre veker kvar sommar.  I 1930 gjekk han i brodden for ei restaurering av interiøret i Vinje kyrkje. Han var såleis ein kjend og markant person for bygdefolket.

Utpå 1950-talet fann bygdefolket ut at forsamlingshuset Vinjar, bygd i 1923, var blitt for lite og skrøpeleg. Byggjenemnda i Vinjarlaget tok kontakt med Henrik Sørensen, som hadde eit stort nettverk. Han kjende m a arkitekten Arnstein Arneberg, som gjorde byggje-teikningane – gratis. Andre gav murstein, tømmer eller arbeid. Det nye Vinjar stod ferdig ved årsskiftet 1959/60, og Henrik Sørensen ”beordra” no kunstnarvener til å gje bilete til utsmykking av huset.

Sommaren 1960 var Vinjarlaget vertskap for eit stort ungdomslagsstevne, og for å få noko inntekter på huset, var det og ei salsutstilling av biletkunst og bygdehandverk. Henrik Sørensen samla inn bilete, utstillinga blei ein suksess – og eit årleg arrangement.

Året etter hadde Henrik Sørensen separatutstilling på Vinjar, i 1962 var det ei minneutstilling for han og i 1982 ei 100års-markering.

Fram til 1987 stod Vinjarlaget si utstillingsnemnd for arbeidet med sommarutstillinga, og ”Søren” sine kunstnarvener var trufaste utstillarar i mange år.

Nemnda hadde også mandat til å kjøpe inn frå utstillingane, for å byggje opp ei samling. Ei slik kunstsamling var tenkt til utlån til institusjonar og stader der folk ferdast (skular, grendehus, samfunnshus, helsehus, kommunehus). Tanken med det var både å knyte band mellom kunst- og handverkstradisjonane i bygdene og samtidskunsten, å  styrkje kjensla for kvalitet og auke interessa for kunst i mange ulike uttrykk og materialar. Arbeidet med utstillingane blei gjort på dugnad.

Då Vinje Handverkslag kjøpte Mjonøy kultur- og handverkssenter i 1987 og flytte dit, tok det laget over ansvaret med sommarutstillingane – under tittelen ”Sommarutstillinga på Mjonøy”.

I 2005 fekk Mjonøy A/S kjøpt staden, etter å ha vore drivarar i nokre år. Året etter sikra Vinje Handverkslag seg Haugsæl herbyrge i Bøgrend som ny base for verksemda.

I 2007  var det 100 år sidan Halldis Moren Vesaas blei fødd, og  Vinjeutstillinga – framleis i regi av Vinje Handverkslag – kom  tilbake på Vinjar med temaet: ”Halldis Moren Vesaas – liv og dikting”.

Det er stengt for kommentarer.