Arkiv 2010

Jolesalg på Haugsæl laurdagane 4. og 11. des, kl 11.00 – 18.00.

Masse fin keramikk, nydelege trykk, flotte smykker og mykje, mykje meir!

Er skiltet sett opp utanom desse dagane, så er det og ope.

Risgraut om laurdagane, kaffe alle dagar.

Vi fyrar på peisen og ynskjer velkomen til jolehandel!

 

Joleverkstad på Haugsæl torsdag 2. des frå kl 18.00.

Vi  lagar ferdig tinga vi begynte på forrige onsdag.

Kaffe og fyr på peisen. Velkomen!

Joleverkstad på Haugsæl onsd 24. nov frå kl 18.00.

Vi fyrar på peisen og lagar ting til jolesalget 4. og 11. des.

Kaffe og noko å bite i. Velkomen!

Jolesalget er dei to laurdagane frå kl 11.00 – 18.00.

Laurdag 4. nov kjem også Kviteseid bokhandel med bøker for salg.

 

Temakveld på Haugsæl onsdag 17. nov kl 19.

Tone Svalastog Garnes fortel om; Spegelåkle – bruk og meining.

Omtale i VTB tysdag 16. nov. Heimeside www.grungebru.com

Inngang kr 50

Kaffe og noko å bite i. Velkomen!

 

Arbeidskveld på Haugsæl onsd 10 nov frå kl 18.00

Ta med handarbeidet ditt og kom! Vi arbeider med eigne ting.

Eller kom for å slå av ein prat og ta ein kopp kaffe.

Velkomen innom!

 

Ope hus på Haugsæl laurdag 2. okt frå kl 11.00.

Nokre handverkarar i arbeid. Handverksutsal, kaffe og vaflar. Velkomen innom på veg frå el til loppemarknaden på Bøgrend Auto!

 

Fotokveld med Harald Naper onsd 22. sept kl 19.00 på Haugsæl.

Mest naturfoto, til inspirasjon for fotointeresserte.

Kaffe. Inngang kr 50. Velkomen!

 

Medlemsmøte på Haugsæl onsdag  25. aug kl 19.

Har du gode idear eller noko du vil ta opp så møt fram.

Kaffi og noko å bite i. Velkomen!

 

Fyrste temakvelden i haust er onsdag 18.august kl 19. Knivsliping står på programmet.

 

Haugsæl er sommarstengt, men til hausten blir det både temakveldar og kurs att.

 

Professor i kunsthistorie,Gunnar Danbolt, kjem til Haugsæl onsdag 16. juni kl 19.00.

Han er kanskje mest kjent for radioprogrammet «Kunstreisen» som har gått på lufta i mange år. «Kva er kunst? Frå handverk til kunst» er temaet for kvelden.

Inngang kr 50. Kaffe.

Velkomen!

 

Dugnad onsd 26. mai kl 18.00. Måle resten av utemøblene. Rydde i brakkene. Skrape og måle glaskarmar.

I tillegg arbeidskveld inne fordi det er siste onsdagen i månaden.

Ta med handarbeidet ditt til Haugsæl, så sit vi saman og arbeider på eigne ting.

Kaffe og kanskje suppe etter dugnaden.

Velkomen!

 

17. mai frokost på Haugsæl frå kl 10. Spleiselag.

Huset held brød, smør, kaffe og te. Ta med pålegg eller kake/dessert.

Velkomne!

 

Dugnad på Haugsæl onsdag 5. mai kl 18.00. Rake, ruske i bed, rydde i uthuset, beise bord og benkar m.m. Ta med rive o.l.

 

Arbeidskveld på Haugsæl onsdag 28. april kl 19.00. Kanskje siste onsdagen kvar månad passar til ei anna slag samkome enn dei som er frå før.

Ta med handarbeidet ditt til Haugsæl, så sit vi saman og arbeider på eigne ting. Kaffe.

Velkomen!

 

Haugsæl på laurdag: Laurdag 24. april blir det knivtreff kl 11 – 16.

Suppe, kaffe og kake å få kjøpt.

Handverksutsalet er ope.

Velkomen!

 

Temakveld om kolrosing og karveskurd onsdag 21. april kl. 19.00 på Haugsæl.

Harald Aasland vil fortelje om og demonstrere teknikkane. Han har også med seg materialar og verktøy så alle kan få prøve seg. Ta gjerne med ein passar.

Ingang kr 50.

Sal av kaffe/te og kake.

Velkomen!

 

Påskeegget blei vunne av Ninette Villhodd!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Laurdagsope, også påskeeftaen 3. apr, kl 11 – 14.

Det blir lodda ut eit stort påskeegg, trekning kl 14.

Velkomen innom!

 

Haugsæl på laurdag: Laurdag 27. mars blir det ein slags strikkekafè på Haugsæl med strikking, hekling og pjoning! Folk som lærer bort pjoning.

Ta med grov heklenål om du vil lære å pjone.

Kl 11 – 14.

 

Kniv er temaet ondag 17. mars kl 19. Då kjem Dag Rorgemoen til Haugsæl.

Han snakkar om kniven og syner bilete.

Ta gjerne med gamle knivar.

Ingang kr 50.

Kaffe å få kjøpt.

Velkomen!

 

Haugsæl på laurdag: Toving av sitteunderlag. Ta med skuffen frå steikeovnen så får du hjelp med tovinga. Mange fine fargar på ulla. Materialkostnad kr 50. Frå kl 11, for store og små.

Sal av kaffe og bollar.

 

Vadmålsutstillinga står ut februar. Ein 12 min film viser stamping.

 

Onsdag 17. febr kl 19 kjem Marit Buset til Haugsæl.

Ho fortel om vadmål og alle forsøka ho driv med på det området.

Det blir også ei lita utstilling av vadmålstøy.

Kaffe å få kjøpt

Inngang kr 50

Velkomen!

 

 

Kalligrafikurs på Haugsæl med Borghild Telnes, 12 – 14 feb.

Min 6 deltakarar, max 10 deltakarar. 15 timar, pris kr 1000.

Påmelding til Tove Herberg 91842907 eller til Klara Fossland 47861891.

 

Laurdag 30. jan kl. 12.00 viser vi Reidar Aarhus sin film frå Bøgrend.

 

Vanleg laurdagsope kl 11 – 14 frå laurdag 2. jan. Velkomen!

Jolesalg i vanleg opningstid laurdag 19. desember, ope frå 11.00-14.00.

Velkomen!

Det er stengt for kommentarer.