Nytt

Frå marknadsdagen ifjor, 2013.

Frå marknadsdagen ifjor, 2013.

Marknadsdag på Haugsæl laurdag  20. sept istadenfor den 6. sept som det blei skrive i sommarhelsinga. Med dette inviterer vi medlemer og ikkjemedlemer til Haugsæl for å selje varene sine. Medlemene kan levere varer, eller aller helst vera der og selje sjølve.

Ingrid Svalastog Kollberg kjem med sylv frå Ravnejuvvegen, Linda Grytten og Hallbjørg Strøm har levert varer, fine skjerf og kjolar.

Åse Bratland er der og vil ha folk til å melde seg på kurs i montering av bunadsskjorter, Arne Skevik sel div heimelaga traktor-reiskap. Håpar Askeladden kjem frå Åmot og kanskje kan det dukke opp glade musikantar.

Dessutan er «verdens største sprettert» på plass, kan vera for

dei som ikkje skyt i Kvasshaug denne dagen.

Nabo Vinje Gardsmat har ope kl 12-17.

Det er folk i ein verkstad eller to, og kaffe og vaflar på kjøkenet.

Ope kl 11-16. Kan bli kjempetriveleg! 🙂

Verdens største sprettert

Det er stengt for kommentarer.