Skogsarbeid før og no

Harald Kihle

Haugsæl

For femti år sidan var tømmerhogst tungt kroppsarbeid, med øks og sag, hest og slede. Ingen motordur, men mann og hest som arbeider. Eller tek ei pause med bål og kaffikjele, høy til hesten; mat, kaffi og ei pipe til mannen. Stemning og godlukt!

Skogsarbeidaren av idag sit i ei stor hogstmaskin, arbeidet går unna.

Moderne teknologi har revolusjonera arbeidsoppgåvene i skogbruket, effektivisera produksjonen og auka produktiviteten i ei gamal næring.
Vinje skogeigarlag har fylt 100 år, dei presenterte seg òg på Vinjeutstillinga sist sommar. På Haugsæl i morgo kveld vil Øystein Høgetveit frå skogeigarlaget samtale med Sveinung Dalen, Olav Teigland og Jon K. Versto. Desse tre har hatt skogen som arbeidsplass. Øks, sag og bruk av hest i skogen høyrde med til deira arbeidsdag. Dei har bruka berkespade og vore med på flòting. Øystein vil høyre med karane om korleis dei hadde det då, og kva tenkjer dei om skogsdrifta idag.

Det blir og visa ein film om flòting.

Haugsæl i morgo kveld, onsdag 20. febr, skogsarbeid før og no.

Kaffe. Velkomen!

Det er stengt for kommentarer.

Tilbake