Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 for Vinje handverkslag.
Vinje handverkslag hadde 67 medlemmer pr 31.12.2012.
Styret har vore: Anne Tone Aasbø, (kasserar) Bjørg Krossbakken, (sekretær) Edwin Bosma,
Hallbjørg Strøm og Åse Bratland, (styremedlemmer) Silje Villhodd og Kari Bø, (varamedlemmer).
Styret har hatt 11 styremøter.
AKTIVITETAR:
Temakveldar. Det har blitt arrangert 5 temakveldar i 2012:
Burma/Tove Herberg, utvikling bunad/Åse Bratland, ølhøner/Harald Kolstad,
Tusenkunst/Hallbjørg Strøm, felemaking/Ottar Kaasa.
Kveldane har vore svært interessante og er bra besøkte.
Marknadsdagen på Haugsæl 25. aug var òg vellykka, mykje folk og god stemning; seljarar frå Haukeli, Rauland og Vinje, ja det dukka jamvel opp to gatemusikantar! Stein Olav frå VTB kom og laga ein fin reportasje.
Dette arrangementet kan bli kvart år.
Aktivitetskveldane for ungar på mellomtrinnet blei gjennomførte i mars og i oktober.
Invitasjonen gjekk til Åmot skule, Vinje oppvekstsenter og Edland skule.
Ungar snekrar, saumar og teiknar. Ja ei dreiv jamvel med brikkevev!
Stor takk og hurra for dei medlemmene som stiller opp som instruktørar!
Og hurra for Tove (Herberg) som organiserer alt dette!
Kurs.
Åse Bratland har kurs i å brodere bunad, starta i 2012 og held fram i 2013. Åse leiger huset og arrangerer heile kurset sjølv. 8 glade damer på kurs, broderer og broderer. Er berre godord å høyre her, veldig vellykka!
Utstillingar
Ølhønene til Harald Kolstad sto utstilte frå temakvelden han hadde i mars, fram til og med påske.
Div
Det blei buss-lomme utanfor Haugsæl i løpet av hausten. Buss-skiltet har kome rett framom huset, det skal flyttast.
Vhl fekk kr 10.000 i erstatning.
Phelias tok knekken på stokkmauren. Det var i pinsehelga, gjekk tolleg bra med konfirmasjonsselskapet likevel!
Arbeidskveldar og ope på laurdagar.
Siste onsdagen i kvar månad skulle vera arbeidskveld der ein arbeidde med eigne ting,
Tove starta opp med strikking for både innvandrarar og andre, i alt 3 kveldar. Men utanom dette og joleverkstadkveldane, har det ikkje blitt noko av felleskveldane. Men det kan bli …
Det er ope på Haugsæl fyrste laurdag i månaden. Frå hausten 2012 har det vore ein handverkar eller ein aktivitet ekstra i tillegg til kaffe og open butikk. Ingrid A Svalastog var der med sylv fyrste laurdagen i november. Bra!
Jol
Den årvisse joleverkstaden saman med skuleungane frå Vinje oppvekstsenter (berre småskulen i år) blei gjennomført 30. november. Stor aktivitet, ivrige hender og fine pakker!
Elles var det joleverkstad for medlemmer heile fire kveldar, tema var englar.
Var planlagt berre to kveldar, men folk synes det var så triveleg, difor blei det fire!
Jolesalget i år var laurdagane 8. og 15. desember, mykje hyggelege folk og god handel! Selte for ca 30.000.
Kviteseid Bok og Papir var på plass den andre laurdagen.
ANNA DUGNADSINNSATS:
11., 12. og 16. mai var det vårpuss og rydding på Haugsæl. Veden blei òg stabla inntil veggen.
Hallbjørg (Strøm) teikna plakat for Liv i Vinje, inntekta går til handverkslaget!
Bibbi (Tveito) laga påfunnspris-engel, også til LiV, prosentar til laget!
Arne (Skevik) har fått Magnus Wendelbo Risinggård som stampekronprins, stampinga gjev og inntekt til laget!
Takk til alle som produserer! Alt som medlemmene gjer er dugnad!
EKSTRA SOSIALT:
Flott restefest etter jol og nydeleg 17. mai-frokost. Det blei òg ei lita samling etter marknadsdagen.
Elles er handverkslaget å finne på facebook, og vi har eiga heimeside www.vinjehandverkslag.no
Vinje, 17. februar 2013
Styret