Bunadsutstilling

Elleve ivrige og flinke damer har gått på kurs i å montere kvinnebunad
i vinter. Fem helger, laurdag og sundag, har det summa godt både i
røur og symaskindur på Haugsæl.  I fjor var det kurs i å brodere bunad. Åse Bratland har vore lærar og kursleiar på båe kursa. Nokre av kursdeltakarane har brodera bunadane sjølve,  anten  på kurset i fjor eller på eiga hand. Nokre har montera det andre hadde brodera. Det har blitt flest av den vanlegaste bunaden, både for barn og vaksne, men det har også  blitt sauma ei bringeklutdrakt (vanleg tidleg 1800) og ei fløyelslivdrakt (vanleg slutten av 1800 – tidleg 1900). Ei har sauma blåtøybunad til barnebarn, andre har sauma til konfirmanten eller til seg sjølv. Laurdag 3. mai er det utstilling av desse bunadane på Haugsæl. Kom og sjå! Ope kl 11 – 15. Kaffi og kaker. Velkomen!

Det er stengt for kommentarer.

Tilbake