Temakveld om sveiping

Vest Telemark museum

Onsd 18. mars kl.19.00.

Sveiping er ein handverksteknikk som brukast til å lage runde eller ovale øskjer og tiner. Ein bøygjer eit tynt trestykke og syr endane saman. Botn blir tilpassa og festast med trenaglar til sveipen. Sveiping blei mykje bruka i det førindustrielle bondesamfunnet. Teknikken er svært gamal, truleg i bruk i Norden i jarnalderen. Onsdag 18. mars kl 19 kjem Terje Nilsen Haugen til Haugsæl for å gje ei innføring i sveipeteknikken. Ta gjerne med deg ein gamal sveipa kopp heimanfrå. Tina på biletet er frå Vest-Telemark museum si fotosamling. Inngang og kaffe kr 100. Velkomen !

Det er stengt for kommentarer.

Tilbake