Temakveld med Liv Kostveit

Haukelikofta

Kofter på Haugsæl

Strikking av kofter har blitt veldig populært, det har det vore i periodar før i tida og, det kan ein t.d sjå på gamle klassebilete, alle ungane har heimestrikka jakker eller genserar, ofte med flotte mønster. Ein del tiår sidan designa Liv Tovsland frå Grungedal koftemønster for Sandnes Uldvarefabrik AS, ho er meistar for både Grungedalskofta og Haukelikofta!

Onsdag 29. april kl 19 kjem Liv Kostveit til Haugsæl for å fortelje om bestemor si, strikkekunstnaren Liv Tovsland. Inngang og kaffe kr 100. Velkomen!

Det er stengt for kommentarer.

Tilbake