Det blir marknadsdag på Haugsæl laurdag 29. aug kl 11 – 16. Både medlemer og ikkjemedlemer kan koma til Haugsæl for å selje varene sine. Ingrid Svalastog Kollberg kjem med sylv frå Ravnejuvveg og truleg kjem Aslaug Jore med sine fine ting frå Rauland. Terje Haugen og Halvor Bjåland demonstrerer ølbrygging og Knut Krossbakken syner korleis ein legg ned rakfisk. Eit bord med «lopper» der ein kan få tak i noko ein aldeles ikkje har bruk for. Kanskje kan det dukke opp glade musikantar. Dessutan er «Bøgrends største sprettert» på plass. Handverksutsalet er ope. Ikkje langt til nabo Vinje Gardsmat. Kaffe og vaflar på kjøkenet. Kan bli kjempetriveleg!