Etter samanslåinga av Rauland og Vinje til ein kommune i 1967, blei det i 1968 sett i gang eit prosjekt for å lage ein generalplan for den nye kommunen. Eitt av resultata av dette arbeidet var opprettinga av Vinje handverk og industrilag. Laget var eit andelslag der kommunen, småbedrifter og handverkarar var medlemmer. Ein forretningsførar blei tilsett, men etter tre år blei prosjektet avslutta, hovudsakleg fordi ein ikkje blei samde om korleis det økonomiske ansvaret skulle fordelast mellom aktørane. Handverkarane fortsette som eige lag etter prosjektperioden.
Dei første åra dreiv laget aktiv marknadsføring gjennom å arrangere utstillingar i mange kunstforeiningar rundt om på Austlandet. Lokalt var jolesal i Åmot og deltaking på Vinjeutstillinga – ei årleg sommarutstilling som starta opp i 1960. Sommaren 1973, då utstillingslokalet var under ombygging, arrangerte laget sommarutstilling på Rauland.
Seinare har Rauland halde fram med eiga utstilling.
I 1976 blei namnet på laget endra til Vinje handverkslag.
At mange unge kunsthandverkarar kom flyttande og busette seg i Vinje i 70-åra, ga laget ei blomstringstid med stor aktivitet. Ein fast utsalsstad blei etablert i Smørklepp: Vinje Husflid i tilknytning til matbutikken der. Dette samarbeidet resulterte i planar om å byggje eit hus mellom Mjonøy og Smørklepp med kolonial, bensin og handverk. Desverre kom ein ikkje lenger enn til teikningane.
Eit anna prosjekt som det blei arbeidd mykje med i 80-åra, var oppretting av eit spinneri for spælsau-ull. Etter prøveperioden med leigespinning på Dale fabrikkar, fekk initiativtakarane nei på søknaden om støtte frå SND. Dette aktualiserte arbeidet for å etablere Vest-Telemark Næringsutvikling.