Vinjeutstillinga 2016

Vinjeutstillinga 2016, ope kvar dag kl 11 – 18,
til og med sundag 7. aug.
«SKIFTE» er tema for Vinjeutstillinga i sommar. Dette med tanke på at det kanskje er den siste tradisjonelle Vinjeutstillinga og at det nye truleg blir eit Vinje-senter med litteratur og med andre utstillingar.
For dei som vil lesa meir . . .
Ei spennande og fargerik utstilling!
I alt deltek 40 kunstnarar på utstillinga i år, fleire av dei har lete seg inspirere av temaet. Biletkunstnarar med måleri og grafikk: Odd Skullerud, Torhild Grøstad, Rolf Nerli, Kikki Hovland, Anne Langsholt Apaydinli, Tina Tobiassen, Reidar Kolbrek, Ståle Blæsterdalen , Arne Kleng Dahle, Ole Storm, Mathis Nango, Tove Holmøy, Tone Flesche, Silje Villhodd, Jon Olav Helle, Einar Sigstad og Inger Lise Belsvik.
Borghild Telnes har kalligrafiarbeid og Helen Mørken bilete med ljos. Ragnhild Kielland, Harald Naper og Dag Jensen har foto frå Vehuskjeringa, frå Ormetjønn og frå Cuba. Bjønn Fauske Lysdahl har bilete i voksbatikk, Vegard Fusche Hansen leverer keramikk. Det gjer også Jorunn Ygre Rogne, høner i hopetal! Gerd Danbolt Svalastog har skjør porselen, Bibbi Tveito solide englar og skåp. Hallbjørg Strøm, Linda Iren Grytten og Ann Kristin Ulrichsen har arbeid i tekstil. Hallbjørg har dessutan teikna og måla masse kort med blomar og med geitebukken Blåmann, sistnemnde uttalar seg om litt av kvart! Øyunn Hustveit har tekstile bilete og Gunda Aarhus har tre teppe med tekst. Tone Garnes har vevnad der aviser spelar hovudrolla. Skulpturar av Kristin Eidem, Ånond Versto og Gunnar Torvund.
I år har vi med i alt fire smykkekunstnarar:
Ingrid Svalastog Kollberg, Gry Marie Grindbakken, Marit Andersen og Linn Sigrid Bratland.
Mimreutstilling i eit rom nede: Tilbakeblikk: Vinjeutstillinga i 56 år. Plakater og utklypp frå utstillinga starta i 1960 og fram til no. På skjermen her rullar og går bilete av kunst som har vore på Vinjeutstillinga, særleg dei siste ti åra, men her er òg «historiske» foto frå 70-talet.
Her er bilete frå opningsprogram – både frå tida på Mjonøy, då opningsprogrammet ofte var i Vinje biletgalleri – og frå dei siste opningsprogramma på Vinjar.
Særutstilling nede: Vinje-senteret i godt selskap. Presentasjon av det påtenkte Vinje-senteret, med litteratur og journalistikk. Mykje informasjon.
I gangen oppe er det direktesal av kunst og handverk, kort, bøker og plakater.
«Venter II», måleri av Anne Langsholt Apaydinly prydar plakata, designa av Kari Nestestog.
Sundag 26. juni var det opningsprogram på Vinjar med kåseri av Stein Versto. Det musikalske innslaget var med Vytenis Gurstis og Virginija Survilaite. Ottar Grepstad sto for den offisielle opninga. Bjørn Bø leia programmet. På opninga fekk Vinjeutstillinga Vinje kommune sin kulturpris for 2015!
Inngang kr 50. Vi har ikkje betalingsterminal, har du ikkje kontantar, får du med ein giro.
Velkomen innom!

Det er stengt for kommentarer.