Haugsæl

Vinje Handverkslag fekk kjøpe Haugsæl i 2006. Eit eventyrhus! Femten, seksten rom og full kjellar, to peisar og stort kjøkken. Her kan kreativitet og skapartrong bløme. Verkstadrom i 2. etg og i kjellaren.

På Haugsæl er det plass til å ha utstillingar, temakveldar og kurs både ute og inne. Ein kan og leige huset til konfirmasjonar, bursdagar o.l.

Handverksutsalet er i tilbygget, men etter at Vhl sitt utsal på Mjonøy kom i gang sommaren 2017, har det vore lite varer i butikken på Haugsæl. Men det er ope på Haugsæl to laurdagar før jol og palmelaurdag, då med mykje varer!

I stoga er også eit gamalt, svart piano med lysestakar og det heng ein gitar på veggen.

No i vår, 2023, blir det skifta vindaugo på Haugsæl. Handverkslaget har fått støtte frå Vinje kommune, frå Norsk kulturarv og frå Sparebankstiftelsen DnB.

Ta kontakt med ein av oss i styret, om du vil innom ein dag. (Sjå styret under fana «Om laget»)

Det er stengt for kommentarer.