Forfatterarkiv: bjorg
Temakveld med Olav Ringhus
Trearbeid i mange former Olav Ringhus kjem til Haugsæl onsd 23. nov kl 19. Han driv med trearbeid i mange former, lagar stuttorv, langorv og skoppar, skjer ut fuglar og andre figurar. Han har med seg litt av kvart av … Les videre
Annemor Sundbø med flott ny bok – temakveld 23. sept kl 19
Annemor Sundbø til Haugsæl med ny bok: Spelsau og samspill. Glansfull ull og lodne skjebnetråder Nytt storverk frå Annemor Sundbø, statsstipendiat, kulturarbeidar, vinnar av fleire kulturprisar og andre utmerkingar. Forfattar av: Kvardagsstrikk, Lusekofta fra Setesdal, Usynlige trådar i strikkekunsten, Strikking … Les videre
Marknadsdag 2015
Det blir marknadsdag på Haugsæl laurdag 29. aug kl 11 – 16. Både medlemer og ikkjemedlemer kan koma til Haugsæl for å selje varene sine. Ingrid Svalastog Kollberg kjem med sylv frå Ravnejuvveg og truleg kjem Aslaug Jore med sine … Les videre
Spikkedag på Haugsæl
Små og store blir invitera til spikkedag på Haugsæl fyrstkomande laurdag. De må ta med kniv sjølve, så har vi har ein del emne som kan bli til fløyter og høkjer, eller til noko heilt anna. Men har de emne, … Les videre
Temakveld med Liv Kostveit
Kofter på Haugsæl Strikking av kofter har blitt veldig populært, det har det vore i periodar før i tida og, det kan ein t.d sjå på gamle klassebilete, alle ungane har heimestrikka jakker eller genserar, ofte med flotte mønster. Ein … Les videre
Temakveld om sveiping
Onsd 18. mars kl.19.00. Sveiping er ein handverksteknikk som brukast til å lage runde eller ovale øskjer og tiner. Ein bøygjer eit tynt trestykke og syr endane saman. Botn blir tilpassa og festast med trenaglar til sveipen. Sveiping blei mykje bruka … Les videre
Temakveld om maskinstrikk
Onsd 25. febr kl.19.00 på Haugsæl Marit Buset presenterer den nye maskinstrikkeboka si. Høve til å kjøpe boka. Inngang og kaffe kr 100. Velkomen ! I maskinstrikkeboka presenteres for første gang på mange tiår oppdatert fagstoff om moderne … Les videre
Bunadsutstilling
Elleve ivrige og flinke damer har gått på kurs i å montere kvinnebunad i vinter. Fem helger, laurdag og sundag, har det summa godt både i røur og symaskindur på Haugsæl. I fjor var det kurs i å brodere bunad. … Les videre
Temakveld om bygging av pråm
Å bygge ein pråm. Båtbygging er tema onsdag 23. april når Vinje handverkslag inviterer interesserte til Haugsæl. Båtbyggar Ole Johannes Romtveit viser film om båtbygging. Vidare fortel han om byggeprosessen, materialutvelging og viser typiske verktøy for båtbygging. Denne kvelden er … Les videre
Temakveld med Tove Sand
Tove Sand kjem til Haugsæl onsdag 19. mars kl 19. Ho lagar vesker av slangane på traktorhjul. Ho driv og med strikking og kombinerer desse to materiala. Ho vil fortelje om arbeidet sitt og ho har med seg vesker for … Les videre